torsdag 28. januar 2010

Innkalling til årsmøte i Herøy & Sande Jeger og Fiskeforening

Det vert mandag 01.02.2010 halde årsmøte i Herøy & Sande Jeger og Fiskeforening i klubblokalet på Løkemyra skytebane. Årsmøtet tek til kl.19.00

Alle saker som skal behandles under innkome saker må vere styret i hende før 30.01.2010.
Har du saker kontakt vår formann Ole Jacob Takseth,tlf 99776913

Det vert kaffi med noko attåt.
Etter årsmøtet vert det vanlig medlemsmøte.

Alle er hjertelig velkomne,

SAKSLISTE 

lørdag 23. januar 2010

Romjulsstevne 2009 - Resultat og bilder =)

30. desember arrangerte H.S.J.F.F romjulsstevne i jegertrap.

25 påmelde deltakarar frå 5 ulike foreiningar.
Vi hadde 8stk som stilte opp som deltakarar frå moderklubben og fleire som stilte opp som hjelparar. Veldig bra at folk gjer ein innsats!
Neste gong så satsar vi også på at fleire deltek i skytinga. :)

Vinnarane:
Stevnets beste: Roar Ingve Døving - 44
Nr.1 klasse 1:  Egil Dahl - 44
Nr.2:               Leiv Daugstad - 44
Nr.3:               Espen Luka - 43
-----------------------------------
Nr.1: klasse 2: Roar Ingve Døving - 44
Nr.2:               Børre Berntsen - 43
Nr.3:              Arild Kirkenes - 40
-----------------------------------
Nr.1: Damer: Bente Storvik - 23
-----------------------------------
Nr.1: Rekrutt: Marius Englund - 39
-----------------------------------
Press Herre: Leiv Daugstad
Press Damer: Bente Storvik
Press Rekrutt: Marius Englund
-----------------------------------

Av våre eigne skyttarar så varta Børre Berntsen opp med ein serie på 21 treff og ein med 22. Totalt 43 av 50. Arild Kirkenes skaut også bra og hadde ein serie på 21 og ein på 19. Totalt 40 av 50.
Flott skyting!
Alle resultata kan dokke finne ved å følge linken. RESULTAT

Ellers litt oppsummering/bilde frå dagen og stevne:
Dagen starta med snømåking klokka 09.00, det var mykje snø og det måtte effektiv måking til for å forberede til stevne. :)
Vidare vart det rigga opp prosjektor for framvisning av deltakarar og etterkvart også resultata undervegs i stevne.
Det var også salg av kaffi, brus, snacks og pølse på kjøkkenet.
Pølsesjefen stilte villig opp for fotografen. :)













Det skal være nemnt at kl.10.30 lurte vi litt på om det var nokon i det heile tatt som ville kome å delta, eller om snøen hadde fått folk til å halde seg heime istaden.
Heldigvis så stilte folk opp og kom på trass av véret og kulden.
Vi fekk halde eit stevne som vi sjølve synst var kjekt og godt gjennomført.
Det håpar vi også at dei tilreisande deltakarane opplevde og at dei hadde ein bra opplevlse.

Diverse bilder frå dagen:












tirsdag 19. januar 2010

Kveldsskyting Tirsdagane framover!

Det blir skyting på leirduebana Tirsdagane klokka 19.00!

Møt opp for skyting i flomlys! :)

mandag 11. januar 2010

Medlemsmøte idag 11.Januar klokka 19.30

Det vert medlemsmøte idag klokka 19.30 på løkemyra.

Håpar at flest mulig vil ta seg tid til å kome for litt prat og ein kopp kaffi.

Vell møtt!
:-)

søndag 3. januar 2010

Medlemsmøte Mandag 4.Januar 2010

Eg vil informere om at klokkelsettet for medlemsmøte på på mandag var feil i aktivitetskalender.
Dette er no endra til klokka 19.30 som skal være rett.

Håper mange tar seg tid til å møte.

Minner om at det vi no har fått Grasrotandelen for Herøy og Sande JFF!
Sjå under opplasta dokument for informasjon.
Meld dokke inn!! :)

Ellers ønskjer vi Godt Nytt år til alle!

Mvh
Administrator for hsjff@blogspot.com