torsdag 19. august 2010

Det er no ei stund sidan det har våre oppdateringar på sida vår. (Sommarferie og lite aktivitet)


15.August arrangerte Åndalsnes og omeng JFF Fylkesmesterskap i jegertrap.

For hsjff så stilte Børre Bentzen og Stian Ulfstein med godt mot og godt humør.
Totalt var det 40 deltakarar frå ulike foreiningar.

Kameraet vart gløymt heime så bilda er tatt med mobilkamera. (beklagar kvaliteten)

Nedanfor på bilde ser vi leirdue bana. Under oppføring har dei to stk nye kastemaskiner.

Til høgre på bilde nedafor er Elg bana til Åndalsnes og Om. JFF. Skyttarlaget sine 100, 200 og 300m baner.


Om nokon er nysgjerrige på resultat så må eg innrømme at eg gløymde heilt å få med meg resultat lista. Dagen vart lang med avreise kl.0805 og retur 22.30 på kvelden.

Eg kan fortelle at det var mykje god skyting og heile 14 stk var med inn i finaleskytinga. Deriblant Børre med solide 24 treff på første serie og 24 treff på andre serie.

Mellom slaga så var der sjølsagt sanitære muligheite:



Børre Bentzen in action! "Finale skyting"


Etter finaleskytinga måtte det telljast opp for å få ei avgjerdsle om kven som vart Fylkesmester.
Det var då to stykk som vart ståande med 72 treff av 75 mulige. Børre ein av dei.!



Etter ei nervepirrande omskyting hadde Vinnaren 1 bom og andreplass 2 bom.
FM vinnar - (må finne rette navn og klubb)

Bilde-1
Andre plassen gjekk til Børren Bentzen (Herøy og Sande JFF)

Bilde-2

Tredje plass gjekk til Leiv Daugstad (Ørskog jeger og sportskyttere)

Bilde-3

VI GRATULERAR BØRRE BENTZEN MED GOD INNSATS OG EIN 2.plass i Fylkesmesterskapet!