Herøy og Sande Jeger -og Fiskeforening vart starta i 1984 og feira i 2009 25 års jubileum. :)
Foreninga er medlem i NJFF (Norges Jeger- og Fiskerforbund).
Vi er ei forening som gir medlemmane våre tilbod innan jakt, fiske og skyting.
Foreninga har eiga leirduebane med tilhøyrande møtelokale.
Leirduebana vart ferdigstilt i 2008 og har vore ein populær aktivitet etter at den vart tatt i bruk.
leirdue konkurranser blir også arrangert!
(Sjå i blogg for info).
Det blir arrangert kveldar med flugebinding og felles hygge ein gong i veka for dei som ønskjer det.
Jaktutvalget arrangerer årlige stemner i jaktfeltskyting!
Det blir arrangert Jegerprøvekurs, noko som er obligatorisk for alle som ønskjer å jakte.
Hsjff samarbeidar også med Uhjff om ei felles hundegruppe RIOS.
Følg med på nettsida og aktivitetskalendaren for å sjå kva som skjer i foreninga og aktivitetar som du kan delta på!
Leirduebana og møtelokala våre er på Løkemyra (sjå kart!).