onsdag 16. juni 2010

H.S.J.F.F med aktivitetar på sommarfestivalen i Fosnavåg

Herøy og Sande jeger og fiske foreining arrangerer fiske konkurranse søndag 20.06.10 Det vil bli flotte deltakarpremier frå Elbe til alle påmeldte, samt tre hovudpremier sponsa av Dyrkorn fritid for dei største fiskane. Det blir kai fiske frå land i og rundt sentrum. Store og små kan delta. Oppfordrar alle til å lufte fiskestonga og ta med barn og barnebarn onklar og tanter til ein hyggelig fiske søndag. Husk fiskestong og redningsvest! Deltakaravgift kr 30.

Vidare arrangerer vi luftgeværskyting på fredag og laurdag i eiget telt, der vil det også bli premiering. Vi vil også demonstrere flugefiske og kaste teknikkar i eiget basseng på ”piren” laurdag ca mellom kl 12-14.

Oppfordrar alle til å ta turen innom standen for ein jakt eller fiskeprat, vi vil da kunne opplyse litt om kva vi driv med i foreininga.

Her er link til sommarfestivalen i Fosnavåg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar