lørdag 25. desember 2010

Sosial samling og leirdueskyting 27.12 -"Juledua" ,Jegetrap stevne 30.12

Hei,

Herøy og Sande Jeger og Fiske forening inviterer til leirdueskyting på Løkemyra Mandag 27.12 kl.12.
Vi legg opp til ei sosial romjulssamling  ,serverer gløgg og gir oss tid til ein prat.
Det vert sjølvsagt også tid til skyting, evt. instruksjon for dei som ønsker det. 

Torsdag 30.12. vert det arrangert Jegertrap konkurranse -"Juledua";
Påmelding kl.10-12.
Prisar: Senior kr.200,- , Junior kr.150,-
Kontaktperson er Atle Storvik, tlf 91636910.

Alle er velkomne enten du er nybyrjar eller erfaren skyttar.

Med ønske om ei God Jul og eit Godt Nytt År !


Herøy og Sande Jeger og Fiske Forening.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar